tirsdag 8. februar 2011

Valpetid :-)

Ja då er fødsel vel overstått og det kjennes godt ! Alltid så spennende, mykje som skal klaffe og det gjorde det heldigvis også denne gongen :-)
Det er ei hard økt mens det står på - også for matmor som satt så en liten barnekrakk i valpekassa meir eller mindre sammenhengande i ti timar, kjenner det på kroppen enda !! men-men litt må en no tåle for å få til dette da. Blokkinga starta fredag kveld og heile natta gikk med til dette- det er en langvarig prosess og ikkje godt for tispa nei. Eg strauk og klappa og hjalp henne så godt eg kunne og merka at ho syns dette hjalp :-) Vatnet gikk 06.30 og eg rekna med at første valpen var rett rundt hjørnet men det drøyde -første valpen kom kl. 0800, en stor og fin hanne på vel 500 gr. 10 minutt etter melde neste sin ankomst og Gaya som den super-mammaen ho e tok den som allerede var født i munnen mens ho pressa ut den neste- klart ho ikkje kunne la den første berre ligge der- noken kunne jo ta den .... meeeen så fikk ho et problem- nestemann skulle jo også ordnes og slikkes og navles - eg såg kor det kokte litt for henne da - men gjorde ingenting for ikke å stresse henne meir - til slutt la ho fra seg den første og fekke ordna med andremann . Dette vart naturligvis et "problem" for meg som fulgte med på at alt gikk greit vidare etterkvart som fleire kom til- ho vil ha kontroll med alt sjølv - et medfødt instinkt ! - så flott å sjå - for ute i naturen må det nok være slik men her i huset fins det lite rovdyr som vil ta valpene - men Gaya følte seg nok ikkje heilt trygg på dette så det måtte til et lite "lureri" kvar gong det kom en ny (hadde ei lita hundeseng med varmeflaske og teppe i som eg lurte unna valpene i når neste kom - Gaya kan heldigvis ikkje telle :-) !!)

To brødre.

Alle virker sterke og kvikke heldigvis men uansett må en sjekke at dei veks som dei skal så ei kontrollveging må til kvar dag.
Ikkje lett å skille mellom dei - og spes. ikkje når Gaya er sterkt ! engasjert i kva eg held på med- så snart eg tek opp ein er ho på beina og vil helst hente den igjen-tek den forsiktig men bestemt ut av handa mi og fer med den i munnen haha- ser ganske nifst ut der den heng og spreller utav den store kjeften :-) men det går heilt fint.... Iallefall er dei no merka med neglelakk i forskjellige farga slik at eg har kontroll på kvar enkelt.


Alle har gått opp i vekt og alt ser fredelig og fint ut i valpekassa slik det skal.
Fortsettelse følger .......

3 kommentarer:

  1. Lykke til med valpene Hildegunn. Gleder meg til fortsettelsen:o)

    SvarSlett
  2. ja det må jeg si, både matmor og mor har vært utrolige flinke. Gaya er en skikkelig bra mor :-)

    SvarSlett
  3. Gratulerer med fine kvalpar.
    Takk for at eg fekk komme på besøk og helse på deg og hundane dine for 3 1/2 veke sidan :)

    Mvh

    Randi

    SvarSlett