mandag 3. august 2015

Torhill og eg på den lenge planlagde Lagotto-tour 3. - 14. juni 2015 :-)

Avreise Ørsta 3. juni - vi overnatter på Otta Hotel- tidlig opp neste morgen for å rekke båten Oslo-Kiel - oppmøte til den kl. 1200.
 Ikkje feil å reise ifra regn og nokre få plussgrader !
Allereide i Oslo møtte vi sol og sommer - Torhill beheld fleesjakke på litt til sånn for sikkerhets skuld......
 ein stopp på vegen til Oslo - hundene skulle tross alt ligge i bilen og berre bli lufta på dekk på overfarten som tek 10 timer......
 men båttuten gjekk veldig fint som vanlig og vi stoppa på den "vanlige" staden i Kiel- der fekk hundane ein god luftetur og mat :-)
 Sol og varme ! så Ted og Maya fekk ligge i skyggen mens eg gjorde unna litt sånn Tysklandshopping før turen gjekk vidare til Nederland.
Bonbons LR Pluto Bruno var blant dei 4 første valpene i ringen på den Tyske lagottospesialen og plasserte seg fint som nr 2 :-) 
 Torhill ogIzac fekk også ei fin plassering...
 det samme fekk Chico championklassen.
 og søteste Cisca vart beste tispevalp :-)
 Gleska Mayfly - Maya -vart  nr. 3 av juniortispene - supert !

 og mor til Maya - Gleska Goody Two Shoes med oppdretter og eier Camilla Bäkcham vart BIR ! fantastisk !!
 Litt ein  kan behøve om ein skal leite etter trøffel......
 Koselig restaurant der vi inntok lunch under utstillinga-det var innlagt ein god times pause til dette .
Forøvrig var det ei stemningsfull åpning av den Tyske lagottoklubben sin raduno - først vart den Italienske og så den Tyske nasjonalsongen spelt.
 Kjekke svenske venner stilte sterkt- hadde medbrakt det svenske flagget og dei kunne feire fleire gonger under dagene som kom :-)
 Etter showet var over benytta  Torhill og eg det fine være og dei flotte golfbanene til litt foto av våre fine medbrakte:-) Her er Ted-vel 4 mnd. i stram givvakt !
 Og vår kjekke Maya :-)
                                                           Flotte kar !
                                               To unge lagottoer på rundtur i Europa :-)
 Her bodde vi i Nederland-Venlo (Velden) vi hadde eit tre-roms hotell i 3. etasje! uten heis ! med 6 hunder - hotelleigar var litt skeptisk men det var ikkje vi - og alt gjekk veldig greit .
                                                                  Ein vakker liten by .

                                                     Den Nederlandske lagottospesialen .
Denne hadde også en høgtidlig åpning med nasjonalsongen til Italia og Nederland avspilt før showet starta. Fantastisk sommervær og temperatur også denne dagen i vakre omgivelser.




Maya 2.beste juniortispe !

 Camilla og Mocca gjorde reint bord på den Nederlandske lagottospesielen også -vant certet
                                                           og vart BIR !!:-)


Etter ein bedre middag på vertshuset vi budde på og ei god natts søvn pakka vi  pikkpakket vårt i Hiacen og sette kursen mot Sveits og Gansingen.  Fekk kost og losji og mykje lagottoprat hos Christine Frei på Kennel Amici per Cempre. Her budde Erika, Karl og Christine sammen i et kollektiv -der var mange dyr i tillegg til hundene og eit trivelig valpekull på 7 -8 veker . Stephen som også er lagottooppdretter kom og var tolk siden av ingen av dei andre kunne engelsk.



                                          Ikkje noke å seie utsikta fra gården utover Gansingen.



Turen gjekk vidare gjennom Sveits - gjennom St.Gotthard tunnelen som er verdens 3. lengste ( etter Lærdalstunnelen i Norge og Zhongnanshantunnelen i Kina )






Skilt vi møtte på vegen :-)


Vel framme i Milano og hotellet som låg ved fotballstadion :-) 35 grader pluss var ikkje veldig behagelig verken for folk eller dyr så det begrensa oss veldig i kor mykje vi fekk bevega oss rundt i byen !








Hektisk aktivitet for å komme gjennom veterinærkontrollen inn på utstillingsområdet Expo Milano.

                                            Premiebordet - keramikk fra Italia :-)



                                         Unge Ted gjorde fin figur på Clubshowet :-)


Gleska Mayfly (Maya) vart 3. beste juniortispe (av15) på clubshowet som var dagen før WDS.






Hedda og Gleska Miss Behaving ( Noa) gjorde ein  fantastisk flott entrè på WDS med flott resultat -det samme gjorde Camilla og Gleska Goody Two Shoes -  ikkje verst i Lagottoens heimland!



Ted og Ari i valperingen på verdensutstillinga - trur plasseringa vart slik- inn og ut av ringen før vi visste ordet av det  ! ikkje alle dommere som gir seg like god tid :-)




           Den glade svenske gjengen med Jane i spissen hadde samme reiserute som vi - trivelig :-)

                                                %%%%%%%%%%%%%%%%

 Etter endt dyst i Milano starta vi på returen - til Østerrike og Bodense-sjøen og byen Bregenz. Det var godt med meir levelig sommertemperatur for oss alle :-)












Etter Bregenz hadde vi 90 mil igjen å køyre til Kiel så vi fant eit koselig gesthaus i Tyskland der vi tok litt tidlig kveld og ein god middag og dessert i hagen i fortsatt fint sommervær :-)






Wienersnitzel :-)



 Framme i god til båtavgang fra Kiel mot Oslo- hundane lufta og velplasserte i bilen på dekk på ein passe luftig og trygg plass så damene kan bevilge seg ei øl på skipsdekk før litt shopping og en nydelig tapasmiddag om kvelden.



Takk for enda ein fantastisk fin tur Torhill og 6 + 1 ekstra på returen veloppdragne Lagottoer :-)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar