torsdag 10. november 2011

Vallahorn-tur 9.nov.2011


Vi har hatt ein fantastisk varm og fin november månad - vi er absolutt ikkje bortskjemt med oppholdsvær så langt i 2011 .......snø hadde vi til mai - sommaren regna vekk og så vart vi spådd ein like lang vinter som i fjor - men der gikk dei fem på gitt !! Ingen snø og kulde i sikte enda iallefall og vi må berre nyte det ! det gjer iallefall vi. Og fjella står berre og roper på oss :-) Turen denne dagen gikk til Vallahornet i Ørsta - 808 moh , tungt og bratt i grunnen men vi e no vant med motbakka her så pytt sann :-)






Stien oppover er merka ja........Dette er ein del av ruta opp på Saudehornet - i år var det 10 års-jubileum på Saudehornet rett opp – 1303 høgdemeter - frå tareblad til tinderad :-)


Utsikt utover Ørsta - bygda . Fjella rundt gjer at sola ikkje rekk ned mange stader så seint på året.