mandag 6. juni 2011

Førdesamlinga 2011

I øs pøs regnvær ankom vi Førde Camping onsdag kveld med heile zoo'en ! svarte altså for eit drittvær !! men når vi var vel på plass så gikk det no greit.
Opp torsdag morgen og klar til dyst , fortsatt regn men det set ingen demper på trenings-iver verken for hund eller eigar :-) Vi var så heldig å få Lill Bø som instruktør og på laget hadde vi Vibecke , Astrid, Stian, Per-Gunnar, Line og Rolf. Nokre var heilt ferske i gamet og andre hadde holdt på litt lenger men alltid kjekt og spennende å sjå kor ting gikk seg til for dei som starta fra nesten null berre på desse dagane med en så dyktig instruktør.
Er spor ein lydighetsøvelse ? spør Lill . Tjaaa... spørs kven ein spør det ...I NRH er det ikkje ein lydighetsøvelse !
Mitt ønske for helga for meg og Gaya var motivasjon og påfyll av Gaya, vi har tross alt vore ute av drift fleire månader og har ny sesong framfor oss der vi skal tilbake på lista og ønskjer å gjere ein så god jobb som råd på eventuelle aksjoner.
Vi starta med rundering og her fekk Gaya påvirkning med lyd, og tuppa gikk slag etter slag , det samme dagen etter, ei laaang runderingsøkt da også der berre lysta etter å søke steig utover i løypa ! ufattelig at ho gikk så bra ! kan ikkje få rosa instruktør Lill nok for si dyktigheit og sin evne til å formidle korleis ting ser ut for ein hund ..........Både Gaya og eg var VELDIG lette på foten tilbake til bilen etter endt økt !!
Dei to sista dagane var via spor i forskjellige varianter, ferske spor, nokre timar gamle spor, kryssa spor med figurant i sporet, spor fra dagen før - og alle spora gikk steikje bra for oss :-) Så no satser eg på at eg på treningane framover blir flink til å variere og motivere, her må fantasien settast i sving ja !!
Heldigvis dukka sola opp etterkvart og vi fikk ei fin avslutning også værmessig. Alltid kjekt å være med på denne samlinga, Førde Lag har eigen kokk som lager gode middager med dessert til oss mmmmmmmmm..... herlig å sette seg til bords etter endt økt på opp mot 9 timar sammenhengande i skogen - ikkje for amatører dette livet her hihi !!! Laurdag kveld var det utdeling av diplom og merke til dei som hadde vore oppe til prøve i løpet av helga og bestått og så har dei LOTTERI !! og eg (burde visst skjemmes hihi) vant 6-seks-!! premia , johoi !! KJÆMPEKJEKT !! Vi kjem nok igjen neste år ja !!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar